Publisert: 2024-02-02     Redigert: 2024-02-02

– Me er glade for tydelege referansar til FNs tryggingsråd sine resolusjonar om kvinner, fred og tryggleik – det forpliktar! Kvinner må ha ein plass ved bordet når avgjerder skal takast, allereie no. Kvinner si deltaking er heilt sentralt i kvinner, fred og tryggleiksagendaen. Det veit me av erfaring frå arbeidt vårt i Colombia, seier dagleg leiar i FOKUS, Sylvi Bratten.

– Krig påverkar kvinner og menn ulikt, og det må reflekterast i både den humanitære og langsiktig responsen. Det er positivt at støtte til tiltak som styrkar jenter og kvinner sine rettar, deltaking og posisjon i samfunnet står som ein prioritet. Sivilsamfunnet har ei heilt sentral rolle i arbeidet for jenter og kvinner sine rettar, og ukrainske kvinneorganisasjonar gjer ein viktig innsats på dette området. Ei satsing på kvinner sine rettar må innebera auka midlar til deira arbeid.

– Ulik maktfordeling påverkar òg gjenoppbygginga av Ukraina. Sivilsamfunnet, inkludert kvinneorganisasjonar, speler ei nøkkelrolle i å fremja demokrati og menneskerettar. Gjennom dialog med ukrainske kvinneorganisasjonar har me lært at dei må vera aktivt involverte i prioriteringane som gjerast. Det er avgjerande for ein berekraftig gjenoppbygging av Ukraina, seier Bratten. 

Publikasjoner

La nueva revista de FOKUS Colombia y Guatemala

Last ned

SheDil Index Report 2nd Edition - Reference List

Last ned

SheDil Index Report 2nd Edition

Last ned